30 år som artist i 2025!

Sidan Odd-Erik Lothe og Fabel debuterte i 1995 med Jordbær og grasbrann har han i alt utgitt 14 album. Dei poetiske tekstane på nordfjordmål har saman med eit mangesidig viseutrykk skaffa han eit trufast publikum og ein lett gjenkjennelig identitet som artist. I dei seinere årene har han samarbeida med bl.a. Mighty Magnolias, Olav Stedje og Finn Tokvam i tillegg til å gje ut musikk under sitt eige namn. Heilt sidan starten har han blitt flittig lista av NRK P1 og hausta kritikerros for alle sine utgjevingar. Han er bl.a. nominert til spelemannspris, har vunne fylkeskulturprisen i Sogn og Fjordane samt Luttprisen for 2022. Lothe sitt nye album "14" kjem 12 sept. , og har allereie innad i bransjen blitt omtala som bestenotering.