Oversikt over ulike band/konsept

Odd-Erik Lothe (solo)

Odd-Erik opptrer ofte som soloartist med gitar og munnspel. Dette er nære konsertar der songane får eit rikt bakgrunnsteppe i form av morosame anektdotar og betraktingar. Eigne viser på nordfjordmål er i fokus, men ein kan og oppleve avstikkarar til rockabilly og humor. 

Opptrer og saman med bandet "Kveldstell": 

Halvor Folgerø: Bass

Jan Erik Rknes: Trompet

Åge Vaksdal: Trekkspel

Krom

Krom gir deg harsvingande rockabilly på norsk. Bandet kjenneteiknast av to vokalistar som syng på høvesvis nordfjor- og hallingdalsdialekt. Tekstane er servert med eit solid glimt i auget og ein kan seie at dei på mange måtar forvaltar arven etter Vazelina Bilopphøggers. I tillegg er dei veldig glade i Elvis og gjir deg mange av dei mest  kjende songane hans i frodige gjendiktningar. Langspelaren "Hopp, Karoline" kom i 2016. Nytt album er venta i 2026. 

 

Krom er: 

Odd-Erik Lothe -gitarar og song

Ståle Søndrål Wick - gitarar og song

Per Martinsen - kontrabass og kor
Morten Pisani - Trommer og kor

 

 

 

Odd-Erik Lothe & Mighty Magnolias

Odd-Erik Lothe og Mighty Magnolias starta samarbeidet med låta Rust. Dei to artistane fant raskt tonen med felles kjærleik for heltar som Rolling Stones, Ulf Lundell og Gram Parsons, for å nemne noko. Rust har seinare blitt ein hit både i radio og streaming. To utgjevingar er kome ut av samarbeidet så langt; Rust (2020) og Jaguar (2022). Ein konsert med denne gjengen byr på mykje energi og vekslar frå fullt rockeøs til det nære og varme. 

 

Krom er: 

Odd-Erik Lothe -gitarar og song

Emil Nordtveit - gitarar og song

Ine Tumy - kor og perkusjon

Erik Rolland - gitarar og kor
William Rolland- Bass og kor
Idar Rolland - Trommer

Finn-Erix

Det velkledde populærorkesteret Finn-Erix har i over ti år begeistra og underholdt publikum gjennom tv og radio, festivaler og teaterscener. 

Frå juletùrne med Sissel  til små firmafestar. 

 

På sitt originale og musikalske vis, gir dei nytt liv til kjente songar, i tillegg til å presentere eigne hits.

 

Finn-Erix spesialkomponerer songar og tekstar til ditt arrangement.  

 

Finn-Erix er:

Odd-Erik Lothe - Stoveorgel og gitar

Halvor Folgerø - fagott og bass

Finn Tokvam - refrengsong, eksotisk dans og rytmeegg

Booking

Ikje nøl med å ta kontakt. Dei ulike konsepta kan fort kombinerast og tilpassast behov. Skriv og songar på bestilling om det er av interesse.